Type: 
Artikkel
Publikasjonsår: 
2013
Kategori: 
Språk
Forfatter(e): 
Jon Todal

Statistikk er ein nyttig reiskap i det politiske arbeidet for å styrke minoritetsspråk. For å få til ei god offentleg språkplanlegging er det viktig å vita kor mange som forstår språket, kor mange som snakkar det, kor mange som les og skriv det, kor gamle desse er og kvar dei bur, kor mange familiar som overfører språket på uformelt vis mellom generasjonane heime, kor mange som kjem i kontakt med språket i barnehagen og på skulen, kor mykje språket blir brukt i dei mest populære media, og i kor stor grad ein kan bruke språket i møte med offentleg forvaltning.

Å få tal for alt dette er likevel ikkje nok for å få til ei god språkplanlegging. For å kunna tolke tala, må vi òg ha samanliknbare tal som syner endringar over tid. Ein må helst vita i kva retning utviklinga går, før ein set inn eventuelle tiltak.

Det meste av forsking på samiske språk er gjort innanfor grammatikk og språkhistorie. Denne forskinga konsentrerer seg om sjølve språket, meir eller mindre uavhengig av samfunnstilhøve. I dei siste åra er det likevel gjort ein del forskingsarbeid som ser samisk språk i eit samtidig samfunnsperspektiv. Dei fleste av dei sistnemnde arbeida har teke opp spørsmål knytte til språkskifte, revitalisering og etnisk identitet, og faktagrunnlaget har då oftast vore djupintervju. Tal og statistikk er såleis heller uvanlege innslag i samisk språkforsking. Her skal vi sjå nærare på det som likevel finst av publiserte kvantitative kjelder og publisert kvantitativ forsking på samisk språk. Dei rapportane og artiklane som vi ser på, inneheld fleire statistikkar og kvantitative opplysningar enn dei som vi drøftar her. Prinsippet for utvalet er at vi har sett etter tal som kan fortelja oss noko om endringar i den samiske språksituasjonen. Vi ser på fem område: (1) kjelder for det totale talet på samisktalande, (2) kvantitativ forsking som seier noko om overføring av samisk språk i heimane, (3) statistikk for val av språk i grunnskulen etter 1990, (4) oppdragsforsking om bruk av samisk i offentleg forvaltning etter innføringa av forvaltningsområdet for samisk språk og (5) tal for situasjonen for samisk skriftspråk.