Sládja: 
Artihkal
Almodimjahke: 
2013
Kategorija: 
Giella
Tjálle: 
Jon Todal

Statistikk er ein nyttig reiskap i det politiske arbeidet for å styrke minoritetsspråk. For å få til ei god offentleg språkplanlegging er det viktig å vita kor mange som forstår språket, kor mange som snakkar det, kor mange som les og skriv det, kor gamle desse er og kvar dei bur, kor mange familiar som overfører språket på uformelt vis mellom generasjonane heime, kor mange som kjem i kontakt med språket i barnehagen og på skulen, kor mykje språket blir brukt i dei mest populære media, og i kor stor grad ein kan bruke språket i møte med offentleg forvaltning.

Å få tal for alt dette er likevel ikkje nok for å få til ei god språkplanlegging. For å kunna tolke tala, må vi òg ha samanliknbare tal som syner endringar over tid. Ein må helst vita i kva retning utviklinga går, før ein set inn eventuelle tiltak.

Det meste av forsking på samiske språk er gjort innanfor grammatikk og språkhistorie. Denne forskinga konsentrerer seg om sjølve språket, meir eller mindre uavhengig av samfunnstilhøve. I dei siste åra er det likevel gjort ein del forskingsarbeid som ser samisk språk i eit samtidig samfunnsperspektiv. Dei fleste av dei sistnemnde arbeida har teke opp spørsmål knytte til språkskifte, revitalisering og etnisk identitet, og faktagrunnlaget har då oftast vore djupintervju. Tal og statistikk er såleis heller uvanlege innslag i samisk språkforsking. Her skal vi sjå nærare på det som likevel finst av publiserte kvantitative kjelder og publisert kvantitativ forsking på samisk språk. Dei rapportane og artiklane som vi ser på, inneheld fleire statistikkar og kvantitative opplysningar enn dei som vi drøftar her. Prinsippet for utvalet er at vi har sett etter tal som kan fortelja oss noko om endringar i den samiske språksituasjonen. Vi ser på fem område: (1) kjelder for det totale talet på samisktalande, (2) kvantitativ forsking som seier noko om overføring av samisk språk i heimane, (3) statistikk for val av språk i grunnskulen etter 1990, (4) oppdragsforsking om bruk av samisk i offentleg forvaltning etter innføringa av forvaltningsområdet for samisk språk og (5) tal for situasjonen for samisk skriftspråk.

Sládja: 
Artihkal
Almodimjahke: 
2012
Kategorija: 
Giella
Tjálle: 
Jon Todal

I Samiske tall forteller 4 gjekk vi nøye inn på dei ymse tala for språkval i barnehage og skule, og vi brukte særleg mykje plass på å drøfte den store nedgangen over tid for faget samisk som andrespråk. Mange av dei tendensane som vi har sett i dei siste åra, heldt fram også i skuleåret 2011/12, og vi viser til artikkelen frå i fjor for meir grundige kommentarar enn dei vi kjem med her.

Ein tydeleg tendens i tala for 2011/12 er den store auken i talet på elevar med samisk som fag i den vidaregåande skulen. Dette er positivt for framtida for samisk språk. Positivt er det òg at talet på elevar med samisk som førstespråk i grunnskulen held seg relativt stabilt. Tala for samisk i barnehagen er òg relativt stabile (iallfall når vi tek omsyn til den generelle nedgangen i barnekulla i Nord-Noreg ).

Framleis har andrespråksfaget i grunnskulen problem. Her ser vi no ein samla nedgang på 41 % frå skuleåret 2005/2006 til 2011/12. Moglege årsaker til denne nedgangen vart grundig drøfta i Samiske tall forteller for 2011.

Sládja: 
Artihkal
Almodimjahke: 
2011
Kategorija: 
Giella
Tjálle: 
Jon Todal

Den tydelegaste og mest alvorlege tendensen i statistikken for samisk språk i barnehage og skule for skuleåret 2010/11 er nedgangen i talet på elevar som vel samisk som andrespråk i grunnskulen. Dette talet heldt fram med å gå ned dette skuleåret, slik det har gjort kvart år dei siste fem åra. Faget samisk som andrespråk har no mista 38 % av grunnskuleelevane sine sidan 2006.

I nordsamisk som andrespråk har talet på elevar gått ned med heile 40 % sidan 2006.

Sládja: 
Artihkal
Almodimjahke: 
2010
Kategorija: 
Giella
Tjálle: 
Jon Todal

 

Den tydelegaste tendensen når det gjeld samisk språk i barnehage og skule for året 2009/10, er at talet på grunnskuleelevar med samisk i fagkrinsen held fram med å gå nedover. Dette talet har no gått ned med til saman 709 elevar sidan toppåret 2005/06. Det er ein samla nedgang på litt over 23 % sidan 2005.

Det er først og fremst talet på elevar med nordsamisk som andrespråk som går ned. Det har gått ned frå 1 891 i skuleåret 2005/06 til 1 194 i 2009/10, noko som er ein nedgang på 39 % sidan 2005.

Ut frå målsetjinga om å styrkje samisk språk er dette ein svært negativ tendens. For å motverke denne tendensen, må det setjast inn tiltak:

  • Ein må straks endre reglane for fag- og timefordelinga for elevar med samisk som andrespråk i grunnskulen, slik at det å velje samisk ikkje blir ei meirbelastning.
  • Ein må setje i gang forsking for å kartleggje meir nøye kva som er årsakene til den sterke nedgangen i talet på elevar som vel nordsamisk som andrespråk.
Sládja: 
Artihkal
Almodimjahke: 
2008
Kategorija: 
Giella
Tjálle: 
Jon Todal

Elevtallet i samiskfaget i grunnskolen er avgjørende for hvor mye samisk vil bli brukt skriftlig i framtida. Men også for samisk talespråk er skolen viktig. Derfor er det av interesse å se nærmere på endringer i antallet elever med samisk i fagkretsen.

Tallene i tabellene nedenfor er stort sett hentet fra Grunnskolens informasjonssystem på Internett (GSI)1. Dersom ikke annet er opplyst, er tallene fra denne kilden. Dessverre er tallene fra og med skoleåret 1998/99 til og med skoleåret 2005/06 ufullstendige på GSI, og de er vanskelige å sammenlikne med de tallene som vi har før og etter den tid. Opplysninger om antallet elever som fulgte fagplanen ”Samisk språk og kultur” i disse årene er seinere tatt vekk fra internett. Noen steder i tabellene nedenfor er likevel riktige tall fra disse årene hentet fra andre steder. For nærmere opplysninger om dette: Se fotnoter til tabellene.

Etter skolereformen av1997 har det vært enda en skolereform i Norge, i 2006. I den siste reformen ble ordningen fra 1997 med elevvalg mellom to ulike fagplaner i samisk som andrespråk tatt bort. For å kunne sammenlikne tallene best mulig over tid har vi derfor i tabellene nedenfor slått sammen alle de elevene i samisk som etter fagplanen av 1997 ikke hadde valgt samisk som førstespråk, og kalt dem elever i samisk som andrespråk.

De fleste av tallene i tabellene nedenfor omfatter tidsrommet 1997/98 – 2007/08. I denne perioden var det bare marginale endringer i kullstørrelsene som begynte på skolen. Slike endringer kan derfor ikke forklare endringer i antall grunnskoleelever med samisk.

I den grad vi har brukt tall fra tida før 1997/98 er disse hentet fra Todal 2002:89- 101.