Sládja: 
Artihkal
Almodimjahke: 
2021
Kategorija: 
Giella
Tjálle: 
Øystein A. Vangsnes

Denne artikkelen ser på den gjennomsnittlege kullvise utviklinga av samiskelevar i grunnskulen trinn 1–10 i perioden 2003–2011. Undersøkinga viser at det er eit omfattande tap av elevar frå samiskundervisninga. Om lag 20 prosent av førstespråkselevane som startar på første trinn, sluttar med samisk 1-opplæring i løpet av grunnskulen, over 30 prosent av andrespråkselevane sluttar med samisk 2, og over 60 prosent av elevane som byrjar på samisk 3, sluttar med samiskopplæringa. Undersøkinga legg mest vekt på tala for nordsamisk, som er store nok til at ein kan sjå tydelege mønster, men også tal for lulesamisk og sørsamisk vert presenterte og diskuterte. Fråfallet frå samiskundervisning blir omtalt som «den samiske lekkasjen» etter mønster av korleis det utstrekte bytet av hovudmål frå nynorsk til bokmål i den norske skulen har blitt omtalt som «den nynorske lekkasjen». I eit vidare perspektiv er det heilt klart at fråfallet frå samiskundervisninga er uheldig med tanke på framtida for samisk språk og skulens rolle for samisk språkvitalisering. Det er såleis ønskjeleg med undersøkingar som kan avdekka årsakene til den samiske lekkasjen, slik at ein i neste omgang kan treffa tiltak for å minska han.