Samisk språk i barnehage og skule

Čállit: 
Jon Todal
Kategoriija: 
Skuvla, oahpahus
Almmuhanjahki: 
2009
Šládja: 
Artihkal

I dei tre åra frå 2006 til 2009 gjekk talet på grunnskuleelevar med opplæring i Samisk som andrespråk ned med 593 elevar. Det vil seia at faget har mist 29 % av elevane sine dei tre siste åra.

I den same perioden gjekk talet på samiske barnehagar ned frå 67 til 60. Det samla talet på born som er i samiskspråklege barnehagetilbod, gjekk òg noko ned, medan talet på grunnskuleelevar med Samisk som førstespråk heldt seg relativt stabilt i perioden.