Šládja: 
Artihkal
Almmuhanjahki: 
2020
Kategoriija: 
Media
Čállit: 
Trond Trosterud

Artikkelen gjev ein ny innfallsvinkel til analysen av samisk språkpolitikk i Noreg. Talet på bokutgjevingar på nordsamisk frå år til år kan vere ein konkret indikator på dei politiske vilkåra for den samiske skriftkulturen, og dermed på samisk kultur og samfunnsliv i det heile. Særleg med så få utgjevingar som det er på samisk, vil statistikken til ein viss grad vere prega av tilfeldige svingingar og produktive tiår for visse forfattarar. Samtidig har samiske utgjevingar alltid vore regulert politisk, både i den tida då stat og kyrkje var to sider av same sak og kyrkja gav det ideologiske grunnlaget for stat og kultur, vidare gjennom fornorskingsperioden, og i seinare periodar via ulike val i den statlege språkpolitikken for publisering av og tilskott til både skolebøker, offentleg informasjon, skjønnlitteratur og sakprosa.