Samisk språk i barnehage og skule

Tjaelijh: 
Jon Todal
Kategorije: 
Gïele
Bæjhkoehtimmiejaepie: 
2010
Såarhte: 
Artihkele

 

Den tydelegaste tendensen når det gjeld samisk språk i barnehage og skule for året 2009/10, er at talet på grunnskuleelevar med samisk i fagkrinsen held fram med å gå nedover. Dette talet har no gått ned med til saman 709 elevar sidan toppåret 2005/06. Det er ein samla nedgang på litt over 23 % sidan 2005.

Det er først og fremst talet på elevar med nordsamisk som andrespråk som går ned. Det har gått ned frå 1 891 i skuleåret 2005/06 til 1 194 i 2009/10, noko som er ein nedgang på 39 % sidan 2005.

Ut frå målsetjinga om å styrkje samisk språk er dette ein svært negativ tendens. For å motverke denne tendensen, må det setjast inn tiltak:

  • Ein må straks endre reglane for fag- og timefordelinga for elevar med samisk som andrespråk i grunnskulen, slik at det å velje samisk ikkje blir ei meirbelastning.
  • Ein må setje i gang forsking for å kartleggje meir nøye kva som er årsakene til den sterke nedgangen i talet på elevar som vel nordsamisk som andrespråk.