Datagrunnlag for samisk statistikk

Tjaelijh: 
Jon Todal
Kategorije: 
Statistihke
Bæjhkoehtimmiejaepie: 
2016
Såarhte: 
Artihkele

Det mest brukte kunnskapsgrunnlaget for artiklar i publikasjonen Samiske tall forteller har til no vore statistikkar baserte på data frå det vi har kalla STN-området. Desse geografisk baserte statistikkane har gjeve mykje ny kunnskap om samiske samfunn. På ein del samfunnsområde ville ein etnisk basert statistikk ha gjeve meir relevant kunnskap enn ein geografisk basert, men i Noreg har ein ikkje datagrunnlag som kan brukast til å laga statistikk basert på etnisitet. Artikkelen rår til at Statistisk sentralbyrå held fram med å produsere samisk statistikk basert på data frå STN-området. Vidare rår artikkelen til at det blir sett i gang eit utgreiingsarbeid for korleis ein metodisk best kan kartlegge den samisktalande folkesetnaden i Noreg. På ein del samiske samfunnsområde manglar det statistikk. Her må det vurderast kva som i framtida er mogleg å skaffe fram av data .

«Fagleg analysegruppe for samisk statistikk» har avslutta sin andre fireårige oppnemningsperiode, og gruppa har stått bak utgjeving av i alt åtte rapportar med fagartiklar, Samiske tall forteller 1–8. På grunnlag av tilgjengeleg statistikk har artikkelforfattarane kommentert og analysert endringar i samiske samfunn. Mange av forfattarane i Samiske tall forteller har òg kommentert og vurdert det datagrunnlaget som dei byggjer artiklane sine på, og oppsummeringa i denne artikkelen baserer seg på dei forfattarkommentarane og vurderingane.